søndag, april 29, 2007

Snart mai

Det er kanskje trøyttande å høyre på nytt og på nytt at tida går, men at vi om 2 dagar skriv 1.mai er nesten ikkje til å tru. Skulle vi sakne noko her nede, så er det nettopp den tida som no er heime med vår og og alt som den kjem med.

Denne veka har vore ei ganske "ordinær" veke for oss. Men på tross av at høgsesongen er over, kjem det stadig nye menneske innom. Og det er alltid kjekt. Men elles er dei fleste som no er innom, meir eller mindre fastbuande her.
På besøk med graut på sjukehus i går, møtte vi framleis ein god del nordmenn. Nokre satt og venta på vårt "grautbesøk", og det er jo alltid kjekt å vere venta og velkommen. Vi vert omtrent alltid ønskt hjarteleg velkomne.

I ettermiddag har vi hatt gudsteneste i kapellet på Redmtorist senter med bl.a. dåp av to born (søsken). Eldste-mann (på 3 år) var ikkje heilt "med på notane", men alt kom no vel i hamn til slutt. Ca. 30 stk. til gudsteneste er bra såpass utanfor sesongen. Som vanleg er det kyrkjekaffi med kaffi og vaflar. Det er faktisk berre to gudstenester til vi skal vere der, før vi dreg til Norge.
Forrige blogg var omtrent berre frå den flotte turen vi hadde i forrige veke. Tar med nokre bilde også denne veka frå turen som talar for seg sjølv, bl.a. med fornøgde fruer og herrar.
Ei lita søt jente stilte velvillig opp med den fine kvalpen sin, så vi fekk vi ta bilde. Ho fekk sjølvsagt noko for å vere foto-objekt, og takka og bukka og smilte. Til eksempel for born i Norge!

Å selje varer på market kan vere strevsomt. Har vore i Bangkok og sett Sleeping Budha, men dette var nok ein annan søvn. Som herre, så hund (under bordet).

Tek også med ein annan som sovna på post. Han skulle ta betaling for do-trengande. Ikkje like inspirerande kanskje i 35 grader.
Ha ei god veke!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe. Såg ut som om han akkurat ikkje kom seg heilt opp på bordet før han sovna. Men for all del, eg har veldig forståelse for slikt...

Anonym sa...

Hurra for deg, mor Aase, som fyller ditt år, ja deg vil vi gratulere! Håpe de får ein fin kveld ute på buffè med gjengen, så får vi feire når du komme heim igjen!