søndag, april 22, 2007

På stabstur

Dei verste dagane her i Pattaya når det gjeld Sohnkran (vassfestivalen), er 18. og 19.april. Vi stengde likegodt "kjerka" desse dagane, for det hadde truleg ikkje komme folk. Litt stygt sagt, så holde dei seg heime som har vit og forstand. Trafikken er kaotisk og det er vasskrig alle stader.
Vi fekk likevel ei vassbøtte over oss i bath-taxien før vi drog. Farlangane (utlendingane) er visst verst. Når gamle menn står i truser eller badebukser og skyt med kjempestore vasspistolar på kvarandre og på bilar og motorsyklar som passerer, lurer vi litt på kva dei har gått glipp av som born.

Måndag drog vi altså på tur. Vi kunne skrive mange bloggar på turopplevingane, men nøyer oss med å skrive i korte trekk og heller legge ut nokre bilder. Første dag gjekk nordover til Nakhonswan, ca.25 mil nord for Bangkok. Der fekk vi sjå eit heilt spesilielt naturfenomen med millionvis av flaggermus som kom ut av eit fjell (frå store grotter) når sola gjekk ned. Det varte ein halv time før alle var ute. På bilde ser det ut som ein svart orm som bevegar seg bortover.
Andre dag vart ein køyre-etappe austover på Koratplatået til Mukdahan som ligg ved Mekong-elva som er grensa mot Laos.

Tredje dag lurte vi på å reise innom til Laos over elva. Men berre for nokre timar kosta det vel mykje å innløyse både re-entry (for å komme tilbake til Thailand utan å endre på vårt noverande visa) og visa frå laos-immigration. På bilde står vi ved elva med Laos bak oss.
Vi drog (sjølvsagt) også via eit bra stort marked før vi slo oss ned i byen Sisakhet for natta.

Fjerde dagen drog vi innom ein stor nasjonalpark (Khad Phra Wihan). Der spaserte vi gjennom eit stort tempelområde (4 gamle tempel frå ca 900-talet) på Kambodjansk side utan å bli spurt etter verken pass eller visa. Måtte vise at eg vågde sitje på kanten og nyte utsikta bak det siste tempelet på fjellplatået.
Siste natta vart i Buriram før vi drog heim igjen på fredag mange opplevingar rikare. Vi fekk komme inn i heimar, møte thai-familiar, møte kvardagsmenneske, sjå historiske byggverk, utrulege naturfenomen, ete på fine hotell og på restaurantar som vi for nokre månader ikkje ville ha sett foten innom. Men der var kjempegod mat. Med damer i bilen vart det sjølvsagt nokre marknadsbesøk. På siste marknadsbesøket fekk også dei nok. Med nærare 40 grader i skuggen var kjøplysten betrakteleg hemma.

Å ha Manee med som sjåfør og guide, gjorde sjølvsagt sitt til at dette vart spesielt for oss. På bilde ser vi han og kona og dottera på den "berømte" restauranten omtalt like ovanfor.
I går var det på arbeid att med alt som det inneber. Vi merkar at vi hadde godt av desse dagane med påfyll, og eit avbrekk frå Pattaya med alt som høyrer til her.

Ha ei god veke!

Ingen kommentarer: