søndag, april 15, 2007

Englar i Sanden

Om det er alder eller anna som gjer det: Vekene går fort, spesielt når vi attpåtil har besøk. I skrivande stund er dei nettopp komne trygt heimatt.

Men måndag, på vår fridag, drog vi til Nong Nooch som sagt. Med open taxi (bath-taxi/pick-up med tak) gjennom ei kraftig regnskurd på veg mot parken, var ikkje alle heilt tørre ved framkomst. Men i denne temperaturen er ikkje det farleg med tanke på helsa. Frå parken kunne vi lagt ut mange bilde, bl.a. då Bjørn fekk massasje av ein elefant på elefant-showet. Det vart brukt både snabel og fot. Men eit flott bilde av Hanne Katrine og Ingvild på elefantryggen på tur i parken og dei ferierande trygt plassert på nokre steinar, tar vi med.
Parken er ganske stor og har mange ulike ting å oppleve. Det jobbar ca.1000 menneske i denne parken. Det seier litt om dimensjonane. Dette vart nok 3. og siste gong i denne parken for oss.
Elles lyt vi gje melding om at endeleg er både englar og sand på plass att i Pattaya. For dei av dykk som såg på bloggen rundt jul/nyttårs-tider, observerte truleg at det hadde oppstått nokre underlege fenomen som hadde hindra oss å få teke bilde av desse englane. Men her er dei!

Torsdag vart det også tid til eit øy-besøk (på Kho Larn). Sola var mykje gøymd bak eit skylag. men det hindra oss frå å bli for brende. For sola er veldig sterk no. Nydeleg badestrand og klårt, varmt vatn. Men på fredag kveld var det igjen tid for avskjed etter flotte dagar. Manee kjørte oss til Suwarnabhumi Airport der vi måtte sei takk for no og på gjennsyn.

I dag har Anne Grete og eg ansvaret på kyrkja. Merkar at høgsesongen er over, men det er framleis ein god del som stikk innom.

Ha ei god veke!







6 kommentarer:

Anonym sa...

Får eg ingen skryt for endelig å ha fullført oppdrag engar i sanden?

Anonym sa...

gratulere med velført oppdrag Englar-i-sanden. Ser at den sanden som kom tilbake var veldig fin, må a vert deilig å vere der nede mens det faktisk var sand på stranda

Anonym sa...

Det måtte altså to Mundal til for å få dette i havn... vi bøye oss i sanden som ikkje var der... Eg såg forresten eit bilde av kjolen din Hanne K, veldig veldig fin!

Anonym sa...

Ja ja ja! No snakkar vi! Akkurat slike englar eg hadde sett for meg! Veldig bra! Eg vil ikkje skryte av deg Hanne Katrine, for hadde det vert sand der når vi var der så ville vi laga slike englar kvar dag :) He he.. nei da... Stor respekt for handlinga! Begge to!

Anonym sa...

Wow! Dette var imponerande! Skulle vi gjort det samme, hadde det blitt skrap-skrap mot korallar og svaberg. Ville blitt ubehageleg på alle måtar. Men dette var bra, Ingvild og Hanne Katrine!! :)

Anonym sa...

No snakkar vi..:-p Vart veldig fornøgd med kjolen, passa perfekt:) Så no har eg antrekket klart for bryllupet i august.