søndag, april 08, 2007

Påske i Pattaya

Heime høyrer vi at det lavar ned med snø i dag på påskedag. Her vakna vi til 29 grader og 6-7 betongbilar og pumpebil som skulle støype eit søylefundament på den nye blokka rett framfor der vi bur i. Fundamentet trong sikkert 200 m3 massiv betong (som ein stor klosse). Så ulikt kan det vere. Men påskedagen sin glade bodskap gjeld likegodt enten det er slik eller slik.

I dag har vi hatt ei flott gudsteneste på "kjerka" med 45 stk. tilstades. Sigve Vidnes, som skal heim saman med familien etter mange års teneste i NMS (Norsk Misjonsselskap) her i Thailand, deltok med song som gledde oss alle. Han var sommarvikar nokre veker her ved sjømannskyrkja sist sommar.

Elles har veka vore fyllt av mange ulike hendingar. På tirsdag var eg saman med nokre andre på kremasjon av ein nordmann på buddistvis. Presten vår hadde ein båreandakt som mange familiar heime også har før ei gravferd. Deretter skulle buddistmunkane ha sin sermoni før vi følgde båra heilt fram og sette den på plass i omnen, og vi såg det tok fyr. Her i Thailand må munkane alltid vere tilstades og ha sin sermoni når ein død person skal kremerast, uannsett kva tru vedkommande har bekjent seg til. Og dei skal ha si betaling sjølvsagt for det. Gravferd skulle vere i Norge seinare.

Skjærtorsdag hadde vi familie-/barnegudsteneste, og husmor stillte med norsk kveldsmatbuffè. Anne Grete hadde laga nydelege ferske bollar som mange syns sette ein ekstra spiss på måltidet.
Elles har veka sjølvsagt vore prega av hyggeleg besøk heimefrå. Sjølv om vi har hatt jobb å skjøtte, så har vi fått tid til både å nyte mat saman og bade.(og godsaker/ søtsaker på "Svendens") Dessutan har det også blitt nokre skreddarbesøk. Nesten ikkje til å unngå i ein by med 300 skreddarar som kjempar om kundane.

I morgon er det fridag og vi skal alle til den flotte blomterparken Nong Noch litt sør for Pattaya. Der kan vi bruke heile dagen og oppleve og sjå mykje.

Ha fortsatt god påske og ei god veke!

Ingen kommentarer: