søndag, mai 20, 2007

Vår andre 17.mai-feiring

Veka starta med at sjømannskyrkja arrangerte tur på måndag med MV King Olav (ein turbåt vi også nytta 2.juledag). Denne dagen drog vi til ei "øde øy",Kho Rin. Vi ser rett ut på denne øya frå balkongen. Kvit og fin strand og strålande vatn, gjorde at vi naut kvart minutt. Heldigvis var ikkje sola for sterk denne dagen, då hadde det blitt litt for tøft for dei fleste på denne tida av året.

Viser til eigen blogg om 17.mai i Bangkok. Vi tok igjen vår eiga feiring i dag. Nærare 120 stk. hadde funne vegen, noko vi syns var veldig bra. Vi starta med lunch kl.14.00. Deretter hadde vi ei kort gudsteneste før bløtkakene kom på bordet. Ambasadøren vår hadde også ei helsing. Så gjekk vi i tog med HMK Gardens Musikkkorps i spissen, spelt frå den mest spesielle pickup eg har sett på lenge. Høgtalarar i heile lasteplanet. Toget enda opp på ei tomt med gras, som vi hadde leigd. Der fekk vi ein flott tale av ei ung norsk jente som bur og går på skule her i Pattaya dette året. Så var det tid for leikar og is og MASSE drikke, også for vaksne.

Kjekt og vellukka var det. Men trur vi alle syns det var travelt i denne varmen. Så vi seig litt saman etter at det meste var rydda på plass. Ha ei god veke!



1 kommentar:

Anonym sa...

Eg trur Thailand er i front når det gjeld trender. Om nokre år er gardemusikken bytta ut med ein pick up. Vekdig stilig! Mykje kulare enn 50 gradistar som går på linje og spelar i horn og slår på trommer :)