søndag, juli 29, 2007

Ny avskjed

At livet mykje består av å møtast og skiljast, syns vi spesielt dei siste vekene er blitt aktualisert mange gonger. Tirsdag morgon stod vekkarklokka på 03.30 for å nå ferja over Sognefjorden kl.05.30. Men det gjekk veldig bra. Frukost tok vi med oss og hadde "piknik" på ferja, då ingen var særleg svolten før avreise.






Det vart ein tårevåt avskjed på flyplassen med menneske som alltid vil vere ein del av oss. No veit dei litt meir om korleis vi lever her, og dei skjønar nok meir av kor stor forskjell det er på Pattaya og Bygstad. Arvid Tveit kom også til Flesland og fekk møte og seie farvel til dei. Vi vart einig om at dette måtte verte eit "på gjensyn". Flyet letta kl.10.00 norsk tid.

Dei likte godt å få vere i aktivitet. Khun Jamnong var i full gang på kjøkken etter kort tid og Manee heiv seg på utearbeid. Vi hadde flott ver alle dager unnateke siste dagen med litt meir gråver. Jamnong lærte meg å lage "fried nudle with pork/chicken", så etter besøk på asiatisk butikk i Førde for å få tak i alle nødvendige ingrediensar, var det berre å gå laus på første forsøk åleine. Så på torsdag var første thai-middag eit faktum. Og alle var vel fornøgde.

I dag måtte vi ha ein tur på "Reset" (ein åsrygg,ca. 400 m over havet, som det er laga skogsveg opp til). Motbakke heile tida. God trim for "gamle folk". Faktisk ein av dei få tinga vi sakna medan vi budde på Jomtien.

Sjølv om det denne dagen ikkje var noko ver å skryte av, kom vi tørre heimatt også. (Ja, eg innrømme at eg syns det er litt kaldt. Borna mobbar oss for at vi fyrer i omnen.) Revebjelle er Sogn og Fjordane sin "nasjonalblomst". Og vi møtte både folk og fe.

I kveld er det olsok-messe i eit gamalt kapell (Hestad). Men før det må eg ein tur på besøk til dei som bur på bygdeheimen og som eg ikkje har sett på eit år. Nokre av dei som eg ikkje trudde eg ville få møte att, lever framleis. Medan andre har gått bort. Godt er det at det ikkje er vi som skal bestemme kven som skal forlate livet.

Kor ofte det vert lagt ut blogg framover, er litt uvisst.

Men uannsett: Ha ei god veke!

Ingen kommentarer: