mandag, juli 02, 2007

See you in Norway!

Ja, denne bloggen vert prega Manee og Khun Jamnong's norgestur. I går kveld følgde vi dei til flyplassen der vi skulle vinke farvel (grunnen til at bloggen denne veka er ein dag "seint" ute). Det har vore dagar med spenning for dei. Manee gjentok fleire gonger idet vi gjekk inn i terminalen med baggasje for å sjekke inn: "I can't beleave I'm going to Norway." Håpar turen går greit for dei. Første gong i fly, første gong ut av Thailand. Ikkje nett kvardagskost.

No når Manee er borte så må vi prøve å gjere oppgåver som vi er vand med at han tek seg av, som å rake plenen fri for lauv. Men det kan kanskje komme godt med å ta til med litt hagearbeid igjen, så ikkje alt slikt kjem som eit sjokk. Desse siste (14) dagane går nok fort som det har gjort hittil. Vi snakkar litt om kva som vert største overgangen med å komme tilbake til Norge og Bygstad. Trur ikkje det vert temperatur og klima. Men det kan no vere hemmeleg til vi veit om det går i oppfylling det vi trur.

Då vi kom tilbake til Pattaya (Hans Konrad køyrde) vart det først ein tur innom familien Nyvoll til ein kopp kaffi. Blant dei vi spesielt kjem til å sakne når vi har "landa" trygt og godt heime igjen.

Ha ei god veke!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Spennande!
No nærmar det seg heimreise for dykk også! See you in Bygstad!
Norunn.

Anonym sa...

Hei hei hei, har du sagt a må du sei b... ka e det som blir den største overgangen med å komme heim??????? hvis du vil holde det hemmelig må du ikkje sei det sånn!! Veldig nygjerrig her no!

Anonym sa...

Eg undrast eg undrast! Kva kan det vere? Må sei eg blei litt nyfiken no...